Gjennomslag for satsing på digitalisering

Studentparlamentet har lenge jobba for å auke digitaliseringa av utdanninga på HiOA, med alt det inneber. Digital eksamen, flipped classroom, bruk av digitale virkemiddel i undervisning – lista er lang!

Ved studiestart kunne studentar ved fakultet SAM juble for at dei i år får tilgang til kompendier digitalt og dermed gratis. Dette er eit lite og godt tiltak, som er bra for miljøet og bra for studentlommeboka.

HiOA har no også bestemt seg for å satse på digitalisering. Det er satt av 10 millionar kroner på digitaliseringsprosjektet fram til og med 2018. Dette er ei viktig og god satsing. Programmet for digitalisering kjem blant anna til å fokusere på å opprette ein teknisk og pedagogisk kompetanseeining, utvikle ny digital læringsplattform og å bedre digitale vurderingsformer.

Så, forhåpentlegvis blir det mindre av dette i framtida:

Undervisning

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *