Første arbeidsveke med nytt arbeidsutval

Vi i Studentparlamentet sitt arbeidsutval har no hatt vår første arbeidsveke. Det har vore lærerikt og spennande!

Det nye arbeidsutvalget i Studentparlamentet på HiOAFørst litt om oss. Vi er fire studentar som er vald til å jobbe eit år på fulltid for å representere studentane. Einar er 32 år, kjem frå Knappstad/Peru og er ferdig med sin bachelor i anvendt datateknologi. Han har jobben som læringsmiljøansvarleg. Sunniva er leiar av Studentparlamentet. Ho er 22 år, kjem frå Stranda og er ferdig med 3. året på grunnskulelærerutdanninga 1-7. William er 25 år, kjem frå Oslo og er ferdig med sin mastergrad i nettverk og systemadministrasjon. Han har jobben som fagpolitisk ansvarleg.  Helene er Studentparlamentets nestleiar, er 25 år og kjem frå Oslo. Ho er ferdig med 2. året på Samfunnsernæring.

I løpet av den første veka har vi fått installert oss på kontoret og fått satt oss inn i den praktiske biten som følg med jobben vår. Vi har også vore to dagar i Tallinn, der vi har blitt betre kjend med kvarandre. Både personleg, men også korleis vi jobbar. På trass av litt uflaks med bagasje som aldri kom fram, hadde vi ein flott tur.

Før vi starta ordentleg opp 1. juli var både Einar og Sunniva på tur i kraft av sine verv. Einar var på ein konferanse om universell utforming av utdanning i Gent i Belgia. Det gav mange gode tips og mykje inspirasjon for året som kjem. Sunniva var på tur med rektors leiargruppe til Sommarøya utanfor Tromsø. Der jobba dei blant anna med ny strategi for HiOA.

Vi jobbar heile sommaren, og sit på kontoret vårt i P 46 stort sett kvar dag. Dersom du er i området er det berre å stikke innom. Om ikkje sjåast vi ved studiestart!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *